Skip to Content

Thursday, November 21st, 2019

Lokkar med oljejobbar i Korea

Closed
by April 7, 2016 General

− Eg trur det vil hjelpe. Når folk tenker på oss, vil dei hugse den sør-koreanske maten og dama i nasjonaldrakta, seier Youngmi Chu.

Youngmi er koreansk og har jobba for norske prosjekt i Korea i mange år. No har ho flytta til Stavanger for å legge til rette for nordmenn som vil jobbe i Korea. Til no har det ikkje vore så mange. Målet for kvelden er å freiste fleire.

Les også:

Stavanger vant krangel om oljejobber 

Ukjent land

For to år sidan vart ei rekke kontrakter frå Statoil tildelt koreanske verft, noko selskapet mottok mykje kritikk for. No har situasjonen snudd. I Sør-Korea er det stort behov for arbeidskraft og Statoil har gitt oljekonsulentane MDE i oppdrag å finne reiselystne nordmenn.

Ved utgangen av mars var 12.101 personar arbeidsledige i Rogaland, viser tal frå NAV. Samanlikna med mars i fjor er det 58 prosent fleire som er heilt utan arbeid. I Noreg har over 30.0000 oljejobbar blitt kutta, viser ei oversikt frå DNB Market.

Mange ser seg no til utlandet etter arbeid, men likevel opplever konsulentane at få vil til Korea.

− Det har vore vanskeleg å finne folk som vil reise. Folk ville stått i kø for Singapore, men Korea er det få som finn spennande. Sidan det ikkje er ein feriestad for nordmenn, er det ukjent for dei fleste. Somme fryktar også Nord-Korea, seier Svein M. Bjustveit, konsernsjef i MDE.

Les også:

Jubler for endringer i permitteringsreglene

Oceaneering kutter 150 stillinger

Mer olje i Norges nordligste funn 

− Nødvendig å vere i Korea

Onsdag hadde 60 personar møtt opp for å lære meir om det koreanske arbeidet, både privatpersonar på jobbjakt og bedrifter på leiting etter nye beite. Gjennom ein times lang presentasjon lærte dei alt frå etikette i landet til kulturskilnader.

− Folk har vore treige. I byrjinga konsentrete også vi oss om Noreg, men for fire år sidan innsåg vi at vi måtte etablere oss i utlandet, seier Jan Arild Wathne, styreleiar i MDE.

Konsulentselskapet opplevde at det var nødvendig å etablere seg i Sør-Korea for å følgje med. Ifølgje Bjustveit har Statoil over hundre nordmenn i Korea, men det er behov for langt fleire.

− I Korea er det behov for mange tusen i arbeid i oljesektoren. Ikkje alle desse jobbane er tilgjengelige for nordmenn, men det seier jo likevel litt om situasjonen. Normalt vil eitt enkelt prosjekt trenge 150-200 personar i eitt team. Korea er den største marknaden vår, seier han.

Les også:

Hvorfor driver kineserne og kjøper biter av Norge?

Her kan Kina–milliardæren investere 200 millioner 

Eldre reiser

Av dei som har reist, er de ifølgje Bjustveit få som pendlar. I hovudsak jaktar dei etter folk som er villige til å busette seg der over ei lengre periode.

− Det er i hovdsak godt vaksne som reiser. Dei fleste av desse flyttar, og kan også gjere det sidan dei har vaksne ungar.

Men før avreise, er det mykje å førebu.

− Korea er unikt. For å forstå landet, hjelp det ikkje å ha vore på chartertur til Thailand. Ingen forventar at ein verkeleg skal forstå kulturen, men ein må vise at ein er klar over kulturskilnadene, seier Bjustveit.Til det får dei hjelp av Youngmi.

− Eg hjelp dei med alt mogleg. Det kan vere å søke visum eller å finne ein stad å bu. Men det har jo ikkje vore så mange enda, seier ho.

Bjustveit håper dei med onsdagens arrangement har klarte å freiste, for å få kokkar tilreisande frå Oslo, er ikkje billeg.

− Men ein finn jo ikkje koreansk mat i Stavanger.

Previous
Next